Listene til partia: ApDemokratisk SolidaritetFrpHøgreKrFSpSVVenstre


På denne sida kan du som politikar og veljar i Flora legge ut innlegg, saker og bilete, og registrere politiske arrangement som skal skje. Du kan også kommentere og debattere det andre har lagt ut. Sida er oppretta av firda.no og Firda for å dekkje det brukarskapte innhaldet frå valkampen, og det som vert lagt ut her kan bli brukt i Firda og på firda.no. Dei som ønskjer innlegg frå valkampen i Flora på trykk i papiravisa, må publisere innlegga sine her.

Nye bilder

Samliv og slikt

En ting er at Firdaposten holder meg for å være samboende (på tross av at journalisten er en gammel Danielsen-gutt, som vel bør holde ekteskapet høyere, men Firda burde da i hvert fall gjøre litt research i sin egen avis…? http://www.firda.no/bileteseriar/nygifte/article4010217.ece?start=7

Kjære pensjonist!

Som det største sosialdemokratiske partiet i Noreg, vil vi presentere for deg nokre av våre store valkampsaker. Vi vil ikkje bruke tid på å kritisere dei politiske motstandarane våre slik vi stadig opplever frå opposisjonen. I staden peiker vi på dei viktige sakene vi har arbeidd med i dei siste åra og kva vil vil arbeide for i bystyreperioden som kjem.

Flora kommune har framleis utfordringar innan omsorgstenestene.

Har ikkje Høgre og AP forstått alvoret?

Man kan bli deprimert av mindre. I det siste formannskapet før valet la rådmannen fram ein oppdatert økonomirapport for Flora. Det var alvorlege tal. Vi ligger an til å få eit total underskot på 23,8 mill på driftsbudsjettet i 2011. Desse tala inkluderar føregåande års underskot som vi framleis må dekke inn.

I tillegg veit vi at tenestene driver det så hardt at dei ser seg nødt til å sei ifrå om at dette driftsnivået kan bety høgare sjukefråvær.

Gode kulturtilbod – ein byggjestein i eit berekraftig lokalsamfunn.

Innbyggjarane i Flora kommune er i dag så heldige at vi har eit rikt og blomstrande kulturliv. Vi har kulturaktivitetar som gir eit tilbod til alle i kommunen heilt frå fødselen av. Dette er ingen sjølvfølge.

I nedgangstider blir det ofte sagt at kultur og moro er det første som må lide dersom det står dårlig til med økonomien. Flora Arbeidarparti meiner at det vil vere eit stort feilgrep å nedprioritere kultur og fritid sjølv om kommunen no er på ROBEK-lista. Vi treng kreativitet, humor, latter, song og musikk. Det gjer oss friskare, lukkelegare og meir positive til samfunnet rundt oss. Heldigvis har vi dei siste åra hatt ei regjering som har forstått viktigheita av gode kulturtilbod og som derfor har lovfesta at alle kommunar i landet skal ha eit kulturskuletilbod til alle sine innbyggarar. Dette skal være organisert i tilknyting til skuleverket og kulturlivet elles.

Stem Venstre, det vil bety ein skilnad

Ordet forandring har vore mykje brukt i den lokale valkampen. Dei siste 8-12

Ope spørsmål til dei politiske leiarane i Flora som no ber om mi stemme mandag 12.09.

Teksten under vart først stila som eit ope spørsmål til Ordføraren 29.03.2010 kl 14:00. Du finn den HER. nesten heilt nede på sida i sona Ordførarbenken. No, nokre dager før vi går til valgurna i 2011 utfordrar eg dei politiske leiarane for dei ulike partia i Flora til å kommentere dei tre spørsmåla eg stiller i innlegget under. Som dere ser er desse lettere omskrivne frå originalen, men berre med omsyn på kven som det er forventa skal svare, nemleg du som no ber om mi stemme på valgdagen kommande mandag.

Lokalsentermodellen, framleis gjeldande i Flora?

Nyhetsbrev Flora Venstre uke 35

Medlemmer, sympatisører, støttespillere og andre som følger med i hva Flora Venstre arbeider med frem til valgdagen 12. september. Uke 17 startet vi nyhetsbrevserien med informasjon om små og store saker og hendelser i tillegg til informasjon om planlagte aktiviteter. Har du saker som bør omtales er det bare å sende tips til undertegnede. Her følger brev fra uke 35

Valgkampen

Venstre vil ha ultralydundersøking tilbake i Florø!

Kvifor skal dei gravide i Flora måtte reise til Førde for ultralyd når dei burde fått det utført av ein spesialist i Florø?

Det er lovt at sjukehuset i Flora skal innehalde spesialisthelsetenester. I dag er dette som vi alle veit ei minimumsteneste. Flora Venstre har programfesta at vi vil ha ultralydundersøkelser utført i Florø att. Vi oppfordrar kommunen til å sende ein førespurnad til Helse Førde om å utvide spesialisttenesta ved Florø sjukehus med gynekolog, der ei av hans oppgåver skal vere å utføre ultralydundersøkingar for gravide. I dag har vi ein ordning med hudlege som reiser frå Førde til Florø ein gong i veka, denne ordninga kan ein fint ha med gynekolog også.

Kjære småbarnsforeldre!

Flora Ap vil at de skal oppleve at kommunen vår gir gode oppvekstvilkår for dykkar barn. Vi har som mål at barnehagane og skulane skal bidra til auka kunnskap og sosial utjamning og at alle skal ha noko å strekke seg etter. Dette vil vi oppnå med sterk politisk styring som sikrar god oppfølging av desse områda.

Vi vil arbeide for gode barnehagar med fleksible opningstider, vi vil ha fleire barnehageplassar og ei fleksibel inntaksordning som gjer til at vi kan opne for 2 inntak i året. For å få til dette vil vi og arbeide inn mot Storting og Regjering for at den statlege finansieringa vert utløyst når barnet fyller 1 år. Den raudgrøne regjeringa har satsa stort på barnehage og no må den siste lille biten på plass!

Flora Venstre vil ha mangfold og innhold i barnehagetilbudet

I Flora har vi mange ulike, gode barnehager, både i størrelse og innhold. Flora Venstre er opptatt av å beholde dette mangfoldet, selv om vi vet at vi står overfor en del utfordringer når det gjelder den eksisterende bygningsmassen. Vi mener at å ha både små og store barnehager er gunstig både for barna og for det pedagogiske tilbudet. Vi tror at det er viktig for foreldrene å ha valgmulighet.

Flora Venstre har kjempet imot skolenedleggelser i distriktene. Med skolenedleggelse følger dessverre også barnehagenedleggelser. Vi har sett i oppslag i media i det siste at barnefamilier i distriktene sliter med økte kostnader og lang reisetid for de minste barna. Vi vil oppfordre Flora kommune til å ta en dialog med barnefamiliene for å se på mulige løsninger. Det er mange velegna lokaler som står tomme på øyene. Venstre vil oppfordre kommunen til å legge til rette for dem som vil etablere seg som familiebarnehager eller dagmamma dersom det finns noen som kunne tenke seg å starte dette, som et alternativ til barnehage i Florø. Etablering av familiebarnehager krever tilsyn av pedagog, kanskje kunne en etablert et samarbeid med barnehager i Florø? Det forutsetter selvsagt at det finnes noen som kunne tenke seg å starte sin egen arbeidsplass med barnepass på øyene. Venstre tror at kommunen med å legge bedre til rette, ville kunne åpnet for mulighetene.

Miljø på dagsorden

Eg trur vi alle er enige om at vi bur på ein klode det er verdt å forsvare. Dag etter dag ser vi ei systematisk øydelegging av jorda, den samme jorda som barna og barnebarna våre skal leve på. I 2007 slapp Noreg ut 43 millionar tonn co2. Bergen kom i fjor vinter på topprangeringa over byane i Europa med dårlegast luft. Klimakrisa er i gang. Vi starta den, og vi skal gjere ein ende på den.

Det er no på tide å setje klima på dagsorden. Då meiner eg ikkje ved å bruke år på å finne ut korleis vi ein gong kan setje i gang med eit ”redd jorda”-prosjekt. Vi må ha handling. Og den handlinga må starte i dag.

Kulturskule for alle - har vi råd å la vere?

Regjeringa si målsetjing for kulturskuletilbodet er eit ”kulturskuletilbod av god kvalitet til ein rimeleg pris, for alle barn som ønskjer det”. Opplæringslova slær fast at ”alle kommunar skal, åleine eller i samarbeid med andre kommunar, ha eit kulturskuletilbod til barn og unge, organisert i tilknyting til skuleverket og kulturlivet elles”. Det er vidare etablert ei felles forståing for utviklinga av kulturskulane som lokale ressurssenter, og at det er eit lokalt ansvar å legge til rette for gjennomføringa av dei overordna føringane.

Samfunnsbygging eller aksjespekulasjon?

Fjord1 er eit av dei fire store konserna i landet i sin bransje. Det konsernet har hovudkontor i Florø. Slike bedrifter har vi ikkje for mange av i vårt fylke. Mykje har endra seg i transportmarknaden og i krav til anbod sidan Fylkesbåtane var ei forvaltningsbedrift, men å sikre at hovudkontoret til Fjord1 blir i Florø er òg ein måte å bruke i offentleg eigarskap i ei transportbedrift til samfunnsbygging. I fylkestinget si handsaming av Fjord1-saka har det avgjerande for SV vore å sikre styringa med selskapet og å sikre arbeidsplassar og kompetansemiljø i fylket, og i Florø spesielt.

Det er ingen grunn til å rasere Vestlandet, for å redde miljøet

For Venstre er miljøvern selve ryggraden i all vår politikk. Når vi sier NEI til ”miljøtiltak”, er det grunn til å følge med. Flora Venstre ser ikke nytten i å bygge vindmøllepark på Guleslettene eller andre steder, når vi har større effekt med andre tiltak. Noe av de tyngste takene i miljøarbeidet, er arbeidet mot de som seiler under falsk flagg. Å bygge ut Guleslettene med folk sine skattepenger og ødelegge urørt natur,, er uhørt.

Vi har ikke behov for Vindmøllekraft i dagens Norge. Vi har tilgang på strøm til 1.000.000 nye husstander uten å gjøre noen naturinngrep. Det er kanskje ikke så ”sexy” som vindmøller, men det er miljøvennlig.

Høgre frå vondt til verre

Høgre sin 3. kandidat til fylkestinget, Bjørn Hollevik, meinte for ei tid tilbake at eit nedsal i Fjord1 med ei god aksjonæravtale, kan ein godt leve med. I dag er høgre av ei anna meining. No vil dei kjøpe alle aksjane og førebu eit raskt nedsal. Kor mykje sei vil selje vil dei ikkje fortelje veljarane før etter valet. Det einaste dei er sikre på ar at å eige 59 prosent, slik Ap, Sv og SP vil er galt.

Det herskar liten tvil om at ein må selje over 50 prosent skal det vere håp om å sko seg på eit aksjesal. Kva som skjer med selskapet om vi sel oss ned til under 50 prosent veit ingen. Det vi kan rekne med er at Havila ikkje blir med vidare noko Høgre sin Mathias Råheim og understreka. Då er sjansen stor for at det er ein konkurrent som kjem inn på eigarsida. Det betyr at Høgre skal få slite med å behalde hovudkontoret i Florø.

Stem KrF ved dette valet!

KrF er meir enn eit parti med særinteresser.

Vi er eit parti som tek på alvor at livet har fleire fasar og at vi difor må legge til rette for både at barn og unge får ein trygg og god oppvekst, med gode og varierte fritidstilbod og god skulegang. Samtidig må vi legge til rette for at det vert skapt arbeidsplassar som gjev grunnlag for vekst i kommunen, og dessutan må dei eldre sikrast ein verdig alderdom.

Nyhetsbrev Flora Venstre uke 34

Medlemmer, sympatisører, støttespillere og andre som følger med i hva Flora Venstre arbeider med frem til valgdagen 12. september.

Uke 17 startet vi nyhetsbrevserien med informasjon om små og store saker og hendelser i tillegg til informasjon om planlagte aktiviteter. Har du saker som bør omtales er det bare å sende tips til undertegnede. Her følger brev fra uke 34

Frisklivsentral – sjukehusbygg .

Eg vert skulda, no sist av Jacob Nødseth i Firdaposten 25. august, for at eg ønskjer å prioritere arbeidet med ein frisklivsentral no når det er val. Sjølv om det snart er val, så vil eg som ordførar arbeide med å følgje opp vedtak i Flora bystyre. Og det er nett det eg gjer, følgjer opp bystyret sitt vedtak. Så eg vil på det sterkaste avvise påstandane om at eg tek fram saka på grunn av valet.

Flora kommune har søkt om midlar til arbeidet med ein frisklivsentral. Vi skal vere glad for at vi har fått tildelt midlane. For Flora kommune kan dette vere eit viktig bidrag til å styrkje helsetenestene i kommunen. For innbyggjarane er det viktig, og då seier det seg sjølv at ordføraren i Flora kommune ikkje kan leggje dette arbeidet til sides sjølv om det snart er val.

Flora, ein fantastisk distrikts kommune.

Skrevet av Anne Lise Norstrand, nr.4 på Flora Venstre si liste. Lagt inn på origo av Jan H.Nygård

Flora, ein fantastisk distrikts kommune.

Du skal ikke være stygg, med de som er mindre enn deg.

Det er mange år siden et kommunevalg i Flora har vært så åpent og så viktig. De som tror at valget står mellom B & B, har sovet i timen. Hadde det vært så enkelt, så hadde vel ikke valget vært noe å bry seg om…

Flora kommune har malt seg inn i et hjørne, økonomisk sett. Vi har store utfordringer og få muligheter. Fylkesmannen har overtatt kommandoen og satt lokalpolitikkerene på gangen i økonomiske saker.

Brua til Kystmuseet.

Flora kommune skal gjere sitt når det gjeld å få i stand gangbrua til Kystmuseet, men her som i sjukehussaka krev det at vi kan vise storsinn og samarbeide.

Slik saka ligg i dag så er det ikkje funne løysing på problemet og dermed ligg det heller ikkje føre noko sum. Dette er det Kystmuseet har bede om assistanse til frå kommunen og dette arbeidet er sett i gang. Kystmuseet tok kontakt om dette etter ferien då forslag til løysing som låg føre ikkje var aktuell, detaljar her må Kystmuseet komme med då eg ikkje kjenner til det.

H, Frp og V spelar Joker Nord med arbeidsplassar i Florø.

Dei fleste har fulgt thrilleren i fylkesutvalet om kva fylket skal gjere med aksjane sine i Fjord1. Sogn og Fjordane eig 59 prosent av aksjane i selskapet og Møre og Romsdal vil selje sine 41 prosent til Havila. Spørsmålet vart ikkje berre kva ein skal gjere med aksjeposten til Møre og Romsdal, men nokre parti har flagga at dei ville selje seg ned. Venstre, Frp og Høgre gjekk inn for å kjøpe opp alle aksjane for så å selje dei til høgstbydande. Sp, Sv og Arbeidarpartiet vil behalde 59 prosent av aksjane og inngå eit samarbeid med Havila om den vidare styringa av selskapet. Ein av grunnane til at Arbeidarpartiet ikkje vil selje seg ned er fordi vi meiner noko med å ta vare på og skape kompetansearbeidsplassar i Sogn og Fjordane og i Florø.

For ei tid tilbake gjekk Bjørn Hollevik ut i Firdaposten og meinte at å behalde 34 prosent av aksjane og ei aksjonæravtale ville sikre hovudkontoret i Florø. Fylket vil då kunne blokkere enkelte vedtak eller ha ein fot på bremsepedalen som det vart sagt. Men det som ei stund såg ut som godvilje frå Høgre viser seg no ikkje å halde stikk. Høgre vil kaste den framforhandla aksjonæravtala med Havila over bord, kjøpe opp dei resterande 41 prosent av aksjane og så klargjere for massivt nedsal. Grunnen er enkel, Høgre vil ha ein best mogleg pris og følgjeskadane av det kan bli at arbeidsplassane forsvinn ut av Fjord1 sine lokalar i Stranda. Det er for så vidt eit ærleg standpunkt, men kom ikkje då og fortel at Høgre er opptekne av kompetansearbeidsplassar på kysten. Lokale høgrefolk var for ei stund tilbake ute og beklaga seg over styreleiaren i Fjord1 sine disposisjonar. Det skal bli interessant å sjå kor dei vil vende sin frustrasjon når deira eige parti har selt arbeidsplassane ut av Florø og makta i selskapet ligg utlandet eller ein annan stad i Noreg. Var det nokon som snakka om Høgre som kystens ombodsmann?

Folk flest ønsker en trygg og god kommune å bo i, da må noen ta dette ansvaret på alvor.

I sommer leste jeg at politiet i flere kommuner gikk ut i aviser og sa at de ikke prioriterte å rykke ut til “høy musikk” hos naboen. Politiet mente at det får nå være grenser for hva de skulle prioritere. Og de mente at dette måtte naboene kunne ta seg av selv. Jaja tenkte nå jeg da, her bruker altså politiet resurser og tid til å nedprioritere sine tjenester. Senere i sommer leser jeg i sosiale medier at en småbarnsfar har blitt slått i hjel, etter å ha vært hos naboen og ønskt å få dempa musikken slik at hans barn ikke skulle våkne denne natten. La det være sagt i fra meg at jeg mener ikke naboer som spiller høy musikk i helgene er voldelige eller drapsmenn. Men saken er at når politiet ikke vil gjøre denne jobben, blir jeg veldig provosert og mener de ikke lenger tar samfunnsansvar. Og det er helt klart at justisministeren har et ansvar. Barnet til denne faren får aldri mer se faren sin igjen og noen må ta ansvar for dette. Da blir politiet sine avvisninger for enkle, og svært lite trygge for samfunnet en bor i.

Politiets oppgaver i dag er mere transportører enn ordenspoliti. Jeg tror nok politifolkene gjør det beste ut av hverdagen, men det er noen som styrer deres oppgaver også. Jeg leser i sosiale medier at politiet bruker rundt 127 millioner kroner på å transportere/sende hjem personer som ikke har lov til å være i dette landet, og noen personer viser de ut av landet opptil 4 ganger!! Da har vi et stort problem som berører flere ansvarsområder som ikke er tydelige og regjeringen ikke har tatt ansvar for. Jeg vil ikke generalisere men dette er ett eksempel på hvordan dette landet styres og la meg også ta med hvor enkelt det er å være kriminell i dette landet. Et eksempel på dette er Bergen hvor fengselet i Bergen slipper fangene løs fordi fengselet er fullt, og fangene slippes fri i samfunnet!! Hvor er ansvaret, jo det ligger hos Justisministeren. Vi som bor i dette landet inkludert de flerkulturelle har krav på et trygt og sikkert samfunn og det er vi som betaler skatt.

TILBAKE TIL HOVUDSIDA:

Val 2011 Flora

Følges av 58 medlemmer.

Val 2011 Flora er Firda og firda.no si sone for det brukarskapte innhaldet for kommunevalet i Flora. For å bidra må du bli medlem av sona. Alt innhald frå denne sona kan bli nytta av Firda og firda.no. Mer om sonen

Origo Val 2011 Flora er en sone på Origo. Les mer
Meiningsmåling

Kva parti ville du stemt
viss det var val i dag?

Annonse